Kvinneleg tilsett foran skjermKontakt oss

Rekneskap

Suldal Økonomi og Rådgiving AS har brei erfaring med å levera tenester til eit stort mangfald av bransjar. Me forstår at kvart fagfelt har sine unike utfordringar og behov, og me legg stor vekt på å tilby skreddarsydde løysingar til alle kundane våre.

Me tilbyr alle tenester innan rekneskap for små og mellomstore verksemder. Vårt fokus er å gje deg den oppfølginga du treng, slik at du kan bruke tida di på det som er viktigast – å drifta og utvikla di bedrift.

Alle våre kundar får ein fast kontaktperson, noko som sikrar god kommunikasjon og ei personleg oppfølging.

Me tilbyr moderne digitale løysingar som er tilpassa di bedrift og dine behov. Enten du vil gjera mykje sjølv eller la oss ta oss av alt, finn me ei løysing som passar for deg. Me sørgjer for at rekneskapsføringa er enkel og effektiv, slik at du kan vera trygg på at alt er i trygge hender.

Landbruk
Landbruk er ein av dei mest tradisjonsrike næringane me har i Noreg, og me har lang erfaring med å følgje opp både drift og regelverk. Me forstår særskilde tilskotsordningar, skattespørsmål og dei utfordringane som kan følgja med eit sesongarbeid.

  • Digital løysing for inn og utgåande fakturer
  • Automatisk innlesing av avrekningar
  • Oppdatert rekneskap gjennom heile året
  • App for når du er på farten.
  • Gode løysingar om du driv med både landbruk og anna næring.

Produksjonsbedrifter
For produksjonsbedrifter, enten det gjeld små eller større einingar, er effektiv kostnadsstyring og kontroll på lager essensielt. Me bistår med rekneskapstenester som gir deg full oversikt, slik at du kan føra vidare ein stabil og vekstkraftig produksjon.

  • Prosjektstyring
  • Timeføring
  • Budsjettering
  • Fakturering og lønn

Entreprenørar og handverkarar
Entreprenørverksemder og handvarkara, som til dømes snekkarar og elektrikarar, har komplekse prosjekt med mange faktorar som spelar inn på resultatet. Me har effektive digitale verktøy som gir deg god oversikt over prosjektøkonomien med fakturering og kostnadsstyring, slik at du kan sikra lønsemd i kvart prosjekt.

  • Prosjektstyring
  • Fakturering
  • Timeføring
  • Apper for når du er på farten
  • Integrasjonar med bransjesystem

Servicebransjen
Her står kunden i fokus, enten du driv som frisør eller har ein butikk. I denne typen næring er det viktig med godt innsyn i både dagleg drift og kundebehandling. Me kan hjelpa deg med alt frå fakturering, lønsutbetalingar, budsjettering og integrasjonar med ulike kassasystem, slik at du kan bruka tida di på det som er viktigast for deg, nemleg kundane og produkta dine.

  • fakturering
  • lønn
  • integrasjonar med kassasystem og betalingsløysingar

Vannkraftverk
Driv du eit småkraftverk i Noreg og treng eit kompetent rekneskapsbyrå som forstår dei spesifikke utfordringane og moglegheitene i kraftbransjen? Suldal Økonomi og Rådgiving AS har brei erfaring med å tilby skreddarsydde rekneskapstenester for små kraftverk over heile landet. Me forstår at småkraftverk har eigne krav og regelverk knytt til drift, skattefordelar og rapportering.

  • Digitale løysingar for oppdatert rekneskap
  • Rapportering

Vårt mål er å vera ein god samarbeidspartnar for alle kundane våre, uavhengig av bransje og kvar bedrifta held til.

No items found.

Andre tenester

Kvinneleg tilsett i samtale med kunde

Rådgiving

Våre tilsette har brei kompetanse innan mange fagfelt og brenn for at du som kunde skal oppleve ein sunn og berekraftig økonomi i verksemda. Hjå oss får du nyttige digitale verktøy, gode råd og tett oppfølging. Ta gjerne kontakt for ein uformell prat. Vår erfaring og kompetanse gir bedrifta di eit løft!
Gå til teneste ›
Kvinneleg tilsett foran skjerm

Digitale løysingar tilpassa di verksemd

Me leverer moderne digitale rekneskapsløysingar som gjer økonomistyringa enklare, meir effektiv og meir tilgjengeleg. Med skybaserte system får du full oversikt over økonomien din, uansett kvar du er, og kan automatisera mange av dei mest tidkrevjande prosessane. Våre digitale løysingar er tilpassa både små og store bedrifter.
Gå til teneste ›
tre personer som ser på kuer på et beite

Eigarskifte

Me tilbyr hjelp og rådgiving i samband med eigarskifte på gardsbruk.
Gå til teneste ›
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.