Kvinneleg tilsett foran skjermKontakt oss

Digitale løysingar tilpassa di verksemd

Me leverer moderne digitale rekneskapsløysingar som gjer økonomistyringa enklare, meir effektiv og meir tilgjengeleg. Med skybaserte system får du full oversikt over økonomien din, uansett kvar du er, og kan automatisera mange av dei mest tidkrevjande prosessane. Våre digitale løysingar er tilpassa både små og store bedrifter.

Skybasert tilgang

Alle våre løysingar er skybaserte, noko som betyr at du kan logga inn overalt og sjå oppdatert informasjon i sanntid, uansett kvar du befinn deg. Dette gjer det lettare å samarbeida med både rekneskapsføraren din og andre medarbeidarar i verksemda.


Når du blir digital, slepp du å levera papir til oss, men om du kjem innom kontoret har me oppdaterte tal som me kan kikka på saman med deg.

Ved å ta i bruk digitale løysingar kan du mellom anna effektivisera:
- fakturering til kundar
- timeføring
- mottak og betaling av fakturaer frå leverandørar


Integrasjon med andre system

Dei digitale rekneskapsløysingane me tilbyr kan integrerast med andre system, som CRM, lagerstyring og prosjektstyring, slik at du får eit heilskapleg system der all informasjon er tilgjengeleg på éin stad. Dette reduserer dobbeltarbeid og sikrar at data alltid er oppdaterte.

Alltid tilgang til oppdaterte tal

Med våre digitale løysingar får du tilgang til oppdaterte tall som gir deg eit oppdatert bilete av økonomien i verksemda. Dette inkluderer:

  • Resultatrekneskap: Følg utviklinga av inntekter og kostnadar i sanntid.
  • Likviditetsrapport: Hald oversikt over kontantstraumen og planlegg for framtidige investeringar og utgifter.
  • Prosjektstyring: For verksemder som jobbar prosjektbasert, kan du følgje med på kostnadar og inntening for kvart prosjekt.

             Kontakt oss for å finna ut kva rekneskapsløysing som passar best for di verksemd!

Duett Økonomi rekneskapsprogram
Tripletex rekneskapsprogram
No items found.

Andre tenester

Kvinneleg tilsett foran skjerm

Rekneskap

Suldal Økonomi og Rådgiving AS har brei erfaring med å levera tenester til eit stort mangfald av bransjar. Me forstår at kvart fagfelt har sine unike utfordringar og behov, og me legg stor vekt på å tilby skreddarsydde løysingar til alle kundane våre.
Gå til teneste ›
Kvinneleg tilsett i samtale med kunde

Rådgiving

Våre tilsette har brei kompetanse innan mange fagfelt og brenn for at du som kunde skal oppleve ein sunn og berekraftig økonomi i verksemda. Hjå oss får du nyttige digitale verktøy, gode råd og tett oppfølging. Ta gjerne kontakt for ein uformell prat. Vår erfaring og kompetanse gir bedrifta di eit løft!
Gå til teneste ›
tre personer som ser på kuer på et beite

Eigarskifte

Me tilbyr hjelp og rådgiving i samband med eigarskifte på gardsbruk.
Gå til teneste ›
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.