Me er eit autorisert rekneskapskontor med brei kompetanse og erfaring. Suldal Økonomi og Rådgiving AS leverer tenester innan økonomi og rådgiving til over 350 landbruks- og forretningskundar i og utanfor Suldal kommune. Trivsel og godt humør pregar heile organisasjonen, og arbeidet vårt skal byggja på kompetanse, tillit og omsorg for kunden.
Me tilbyr alle tenester innan økonomisk og rekneskapsfagleg rådgiving. Me er 12 sprudlande tilsette som har fagkompetanse innan mange ulike næringar, og som gjerne vil vera din faste rådgivar i økonomiske spørsmål.
Våre kundar er hjarteleg velkomne innom kontorlokala våre på Sand i Suldal, men me tar gjerne òg eit besøk ut til deg og di bedrift, eller held kontakt via digitale flater.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om di bedrift og kva behov du har for rådgiving og rekneskapsføring!